Jordalen Skule
Jordalen Skule Av Einar Midtun
Skulehuset:
Skulestova i Jordalen stod ferdig i 1913. Det var ei stova (”Krististuen”) som stod på Stalheim som vart riven og køyrd over Brekkedalen med hest og slede. Dagsverksliste over arbeifunne vid med oppføring av skulestova viser at det vart køyrt 85 lass. Skulestova var ikkje stor. Golvflata var berre 16 m%B2.
Hausten 1928 vart det 16 skuleborn i krinsen, og då vart det ikkje rare plassen til kvar. Skulestova vart då bygd ut på østre sida, og året etter vart leikeplassen planert og inngjerd.
I 1950 var skulestova i svært dårleg forfatning, og det vart gjennomført ymse reperasjonsarbeid, m.a. vart golvet i skulestova, 28 m2, reparert.
Den gamle skulen vart riven midt på 70-talet.
Ny skule vart bygt og teken i bruk i 1974. Både gamle skulen og den nye skulen er vigsla til kyrkjeleg bruk.
Lærarar:
Den første læraren ein kjenner til var Sjur Knutson Bøe. Han var lærar i Jordalen/Stalheim/Hauge/Vasstronda i åra 1853 - 1865.
Andre som har vore lærarar:
Olav Botolvsen Brekke, 1865 - 1873 (Jordalen/Stalheim)
Knut O. Oppheim, 1875 - 1878 (Jordalen/Stalheim/Oppheim)
Johannes Borge, 1886 - 1889 (Jordalen/Egdetveit)
O.A. Brekke, 1889 - 1892 ((Jordalen/Stalheim)
Knut Andreas Muldsvor, 1892 - 1898 (Jordalen/Stalheim)
Johan Lien, 1899 - 1942 (Jordalen/Stalheim)
Nils Bjørgaas 1942 - 1945 (Jordalen/Stalheim)
Johan Indrelid, 1945 - 1950 (Jordalen/Stalheim)
Olav Hole, 1951 - 1953
Olav Hole, 1955 - 1956
Nils Hole, 1956 - 1957
Olav Hole, 1957 - 1959 (Jordalen/Framnes)
Magne Ødegaard 1959 - 1960
Gisle Bruland 1960 - 1961
Endre Refsdal, 1962 - 1963
Helge Ove Tveiten 1963 - 1964
Kilde:
”Strandaskulane” frå dei eldste tider til 1964, prenta 1989. Skulesoge for Jordalen krins fram til 1963. Av Kari Jordalen.