Søsterhaug (Sundveshaugen,Klokkare-haugen ,Bjørgaashaugen)
Nils Bjørgaas kom frå garden Bjørgaas på Evanger. Han gifte seg med Guro Gjerme og dei kjøpte garden Sundveshaugen då han vart tilsett som lærar ved Sundve skule i 1885. Dei fekk to søner, Knut og Per (også kalla Peter), og ei dotter, Anna. Ho gifte seg med Odd Hole på Høen, Per vart buande i Bergen med kona, Louise. Per og Louise Bjørgaas hadde ein son, Wilhelm.
Knut fekk lærarutdanning, som faren, og begynte som lærar i Myrkdalen i 1907. Marta Hauge frå garden Haugo på Voss, kom som lærarinne til Sundve skule kring århundreskiftet, og vart gift med Knut i 1909. Dei flytte til Oppheim i 1913 der han var lærar på Framnes skule fram til 1922. Då slutta far hans som lærar på Sundve skule, og han vart til sett der.
Familien flytte til Sundveshaugen, og no vart det tre generasjonar Bjørgaas der. Eit kårahus, "Bestefarstova", vart bygd til Nils og Guro, og staden var etterkvart kalla Bjørgaashaugen. Borna til Knut og Marta var Nils, Gudrun, Liv, Gudny og Lars.
Tekst: Kari Bye