”Gamalt frå Strondè”
Vossestrand Sogelag har frå 2002 gjeve ut årboka ”Gamalt frå Strondè”. Årboka er eit tidsskrift som inneheld stoff og bilete frå eldre tider på Vossestrand. Mykje av stoffet er forteljingar og historier om korleis folk levde og kva dei levde av, om kultur- og kunstnarliv, handel og næringsliv, krigsminne og ulukker, segner, skjemt og moro, og elles om ting som har hendt i bygda. Årboka kjem ut før jol, og er godt eigna
som jolegåve. Boka kostar kr. 200,-.og kan kjøpast hjå Vossestrand Sogelag,
bokhandlarane på Voss, butikkane og bensinstasjonen på Vossestrand. Pr. 2017
har sogelaget framleis ein del eldre årbøker på lager, men er diverre utselde
for årbøkene: 2002 - 2006 og 2013. Prisen på eldre årbøker er kr. 100,-. |