I samband med årsmøtet til Sogelaget fortalde Ole Kristian Årmot og Sturla Hommedal om arbeidet med å samla inn stadnamn på Vossestrand. Hittil er det samla inn 3500 stadnamn som er registrerte på eit digitalt kart.
Prosjektet har som mål å få kartfesta flest mogeleg av stadnamna på Vossestrand på eit kartlag som er utarbeidd av Nordholdlandskart. Desse namna er det ynskjeleg å finna historia rundt, samt kva sjølve ordet tyder. Har du lyst å bidra til stadnamninnsamlinga er det berre å ta kontakt.
Meir informasjon finn du under fana Stadnamn og ved å gå inn på Facebook sida til prosjektet: Stadnamn på Vossestrand