Møte om Stadnamninnsamling i regi av Vossestrand  Sogelag.


Tekst: Kari Mørkve Jordalen

7. november inviterte Sogelaget til møte i kyrkjestova om stadnamninnsaling på Vossestrand. Det var bra frammøte og me talde i alt 21 personar, der stort sett heile Strondæ var representert.

Jorunn Gjøstein opna møtet og orienterte litt om bakgrunnen for møtet og prosjektet. Ole Kristian Årmot har lagt ned eit stort arbeid med innsamling av namn i Myrkdalen. Han har fått stor anerkjenning for dette arbeidet frå folk i  Nhdigi og Universitetet i Bergen. No ynskjer han å få fleire med på laget og vil utvida prosjektet til å samla inn stadnamn for heile Strondæ.

Det har vore samla inn ein god del namn tidlegare i regi av Sogelaget, men dette er aldri vorte skikkeleg systematisert og digitalisert. Dette materialet vil vera med og danna eit godt gunnlag for prosjektet me no går igang med.

Ole Kristian Årmot var med på møtet og heldt eit interessant innlegg om arbeidet sitt og metodar for å samla inn stadnamn.


Tommy Veland frå Lindås kommune, kart og oppmåling, var og med på møtet. Han fortalde om Nordhordaland digitalt og digitalisering av stadnamn i kart. Han orienterte om bruken av dette kartet og kva informasjon som kan leggjast i kart, ikkje berre stadnamn.

Styret i Sogelaget vil på nyåret (2020) laga ein plan for det vidare arbeidet med innsamling av stadnamn på Strondæ.
















 

Vossestrand sogelag inviterer til ope møte i kyrkjestova på Oppheim torsdag 7. november kl 19:00.

Tema: Stadnamn på Vossestrand. 

Det ligg mykje historie i namnet på teigar, vegar, groer osv. Det lokale namnet folk har brukt seier mykje om historia og levesettet til folk på gardane opp gjennom tidene.

Me veit at det ved fleire høve har vorte samla inn lokale stadnamn på Vossestrand. Dette innsamla materiale har hamna i ymse skuffer og skap og er ikkje vorte systematisert. Vossestrand sogelag ynskjer å gjera noko med dette, me ynskjer òg å få samla inn så mange namn som mogeleg før dei går i gløymeboka.

I fleire år no har Ole Kristian Årmot gjort ein stor jobb med å samla inn over 1200 stadnamn i Myrkdalen. Han har òg byrja med å plotta desse inn på digitale kart. På møtet vil han fortelja om arbeidet sitt og visa korleis han har jobba med dette.  

Målet vårt er å få sett ned ei arbeidsgruppe som kan arbeide vidare med dette prosjektet.

Ynskjer at alle som er interessert i lokal historie har høve til å koma denne kvelden.

Hjarteleg velkomne.




Stadnamn
 
Vossestrand Sogelag og Ole Kristian Årmot startar felles prosjekt for å registerera stadnamn på Vossestrand.

Les meir under menyen Stadnamn.
____________________________

Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger