Sommartur med Sogelaget frå Gavle til Egdetveit i Holbygda sundag 27. august 2017.

Tekst og foto: Einar Midtun.

I år gjekk sogelagsturen langs Holbygdvegen frå Gavle til Igdetveit. Ein tur på 3,5 km.  Klokka 12.30 var vel 30 personer møtt opp i tunet på Gavle. Været var strålande så ein kunne gå lettkledd på turen. 

Me var heldige med å få med oss kjentfolk til å fortelja om dei ymse gardane som me skulle passera på turen.

Brynjulv Herheim byrja med å fortelja om gardane på Gavle, Herheim, Sausjord og Gilbakken. Han gjekk langt attende i tida og kunne fortelja at på 1600-1700 talet så var det 160 teigar på Gavle! 

Ved utgravinga på flatane ved skulen i 2010, i samband med utbygging av barnehagen der, så vart det avdekka eit tunanlegg frå sein jernalder. I fylgje rapporten om utgravinga så er dette eit teikn på at Sausjord var ein sentral samlingsplass for bygdene på Vossestrand på den tida. På Herheim har det også vorte funne fornminne.

Brynjulv fortalde også kva dei ymse gardsnamna heitte frå gamalt av. Gavle heitte på 1600-talet Gauffll,  Herheim heitte Herrenn og Sausjord heitte Søfsjord.

Elles kunne han fortelja at det hadde vore mange husmannsplassar under Gavle, Herheim og Sausjord. Såleis var både Gavlshaugen og Lomsdalen husmannsplassar under Gavle. ”Harkahaugen” (Øyestad), Herheimstråne og Skjelvikje opphavelege husmannsplassar under Herheim og Kroken husmannsplass under Sausjord.

At Gjest Baardsen også hadde vore på besøk her vart nemnt, då han i 1812 gjorde innbrot hjå Marta Sonnesdotter Herheim. 


Frå Gavle gjekk me vidare til Tveite.  Ingebjørg Tveite (89), sat og venta på oss nede ved vegen. Ho fortalde om drifta på garden. Mannen, Viking, overtok bruk 3 i 1954 og seinare også bruk 2 i 1963. Dei bygde fyrst ny drifts- bygning og så nytt bustadhus som stod ferdigt i 1974. Sonen, Magnar, tok over garden i 1997, og han har bygt om driftsbygningen til lausdrift og datastyrt foring og mjølking.

Det andre bruket på Tveite, bruk 1, skøytte Martin S Tveite over på sonen, Steinar Terje, i 2004.



Turen gjekk så vidare til Høn, der Arne Høen, venta på oss. På Høn er det tre gardar: Vetla Høn, Myra Høn og Stora Høen. Arne fortalde at det vart dyrka mykje korn her i eldre tid. Gardane var fram til 1800-talet eigde av kyrkja, og var då bygselbruk. 


På Vetla Høn står det ein gamal bygning som er fleire hundre år gamal.  Noko som ein av turgåarane vart svært så interessert i. Han mintest å ha vore i det huset i sine yngre år.

På Haga hadde me ein kort stopp. Her er det no tre gardsbruk. Det var også ein husmannsplass her som heitte ”Kristofferhaugen”.

Me passerte så ”Reino”, og kom til ytste Holbygda. Her heiter det ”framante-” og ”utante-” reino. Me kom så til Brattholo som er fyrste garden, og Brattholehaugen som opphaveleg var ein husmannsplass.

No overtok Jorunn Gjøstein som kjentperson og forteljar. Ho fortalde at på Brattholo var husa lenger oppe før, og det samme gjalt vegen. Gamle vegen gjekk då opp ved husa til Mundal på Haga.  På ”Brattholehaugen” vart det til 17. mai 1898 sett opp ei flaggstong, kor ytste holbygdingane samlast 17. mai. Til Egdetveit Ungdomslag sitt 50 års jubileum i 1948 vart det hogt emne til ny flaggstong, og som vart teken i bruk det året. I 2001 sette ungdomslaget opp ny flaggstong av metall. Det er framleis tradisjon å gå 17. mai-tog til ”Haugen”.


Neste gard var Straume.  Her budde i si tid Kolbein Straume, som var ein av dei som var med i Vossestrand bulldosarlag.  Han var maskinkøyrar.  Han omkom ved ei ulukke under BKK si utbygging på Evanger i 1968.

På Hydningen losna det ei jordskreda ovanfor husa i 1932 og reiv stova med seg. Kona på garden, Marta f. Midthun, og sonen, Knut 3 år gamal, omkom.  Svigerfar til Marta, Knut O. Hynningen, døydde også av skadane om kvelden samme dag.  Jordskreda tok dermed tre liv den dagen.

Sjur P. Lid kjøpte garden av Hermann Hynningen i 1977, seinare overtok sonen, Sigbjørn, bruket i 1987.  Jorunn Gjøstein er eigar i dag.

Neste gard er Meland, som er delt opp i øvre- og nedre- Meland.  På øvre Meland er Johan Fjellby fødd.  Han var utdanna lærar, men kanskje mest kjend som musikar og forfattar.


På Holo fekk me mellom anna vita at her voks treskjeraren, Kolbein Hommedal opp, før han seinare busette seg i Arna. Senterparti- politikaren, Anita Jordalen, bur og her på bruk 5.

Siste stopp var Igdetveit.  Her står ungdomshuset ”Solhall” og her ligg skulestova.

Den fyrste skulestova var ”Prestestuen” som vart flytta frå Øvre-Vinje og sett opp her i 1875.  Nytt skulehus vart bygt i 1928, og det gamle huset vart teke i bruk som ungdomshus i 1929.  Sjur Giljarhus var siste læraren her då krinsen vart nedlagd i 1966.

Etter gjennomført tur vart alle inviterte inn i ungdomshuset til kaffi/saft og kaker. 

Sogelaget takkar kjentfolka som var med og fortalde langs turvegen:

Brynjulv Herheim, Ingebjørg Tveite, Arne Høen og Jorunn Gjøstein.

 

Takk også til alle som var med oss på turen!

 

 


Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger