Bli med Vossestrand Sogelag til USA i september 2019. ![]() Sogelaget har sendt brev til medlemane i laget med invitasjon om å bli med på sogelagstur til USA i september 2019. Turen går frå Bergen via Island til Denver i Colorado. Her blir det overnatting eit par netter og så går turen vidare nord-vestover via, Rocky Mountain, Rawlins, Yellowstone nasjonalpark, Jackson Hole og endar til slutt opp i Seattle i staten Washington. Undervegs blir det mange interessante ting og stader å sjå. Det er ein fantastisk flott natur i dette området. Fram til 11. desember har medlemar i Vossestrand Sogelag førsterett til påmelding. Dersom det etter denne datoen er ledige plassar blir det opna for påmelding frå ikkje-medlemar. | |
Vossestrand Sogelag har også i år stand på Strandamessa 24.-25. november.
Gamalt frå Strondè Årbok for 2018, og restlager av eldre årgangar. Ættebok for Vossestrand I og II. Andre bøker m.a. av Sjur Arnetveit, Strandaskulane og "Vossestrand - Folk og Landskap". Arne Johan Dregelid syner fram gamle bilete og filmopptak frå Strondè. Du kan melda deg inn i Vossestrand Sogelag eller berre slå av ein prat. Dersom du har gamle bilete som du ynskjer å leggja ut på Sogelaget sine sider kan du få registert deg på standen vår. | |
Årsmøte i Vossestrand Sogelag vart halde på Vossestølen Hotel |