Velkomen til 
                  Vossestrand Sogelag 
                              sine heimesider.   

16. mai 2017 vart fotosida til Vossestrand Sogelag (gamlefoto.vossestrand.no) annulert og dei som klikkar på denne sida heretter, vert ruta direkte over til den nye sida www.vossestrand.no.

Den nye sida er dermed offisielt teken i bruk. Alle bilete er overført, og sida har fått ny utsjånad og nye menyar.

I tillegg til alle bilete er også alt anna stoff som låg på den gamle sida overført til den nye.

Me ynskjer å fylla sidene med mykje nytt stoff, både av historisk karakter og nyare stoff og bilete, slik at me får ei "levande" heimeside til gleda for alle.
Det står framleis att ein god del redigeringsarbeid før me er i mål, men det kjem etterkvart.

Kom gjerne med innspel om den nye sida. Du kan nytta epostadressa som du finn nederst på sida eller skriv i Gjesteboka. 

                                       ´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´´

"Strandadisken"
 
På "Soundcloud" er det innlagt store mengder lydopptak frå Vossestrand. Mesteparten er frå radiosendingane til Strandaredaksjonen i Radio Voss.

Dei som er på Facebook kan også besøkja "Strandadisken Vossestrand" som er ei side Arne Johan Dregelid har laga. Der finn du mykje stoff frå Strondæ.

********************************
Fotoarkivet til Vossestrand Sogelag.

Her finn du mange gamle bilete frå Vossestrand. Albumen er bygd opp over fleire år og vert stadig utvida.

Albumen er ikkje optimal og me vil vera glade for dei som vil hjelpa å gjera han betre. Det kan f.eks. vera retting av tekst eller opplysningar om navn til eit bilete.

Er det nokon som saknar si slekt og gjerne vil laga ein modul for si slekt, så hjelper me gjerne til.

Klikk her for å gå til albumen eller bruk menyen oppe til venstre.

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Medlemskap i Sogelaget
 Ynskjer du å bli medlem i Sogelaget. Ta kontakt med ein av styremedlemane.

                                                           **************
Sogelaget sin logo.
                                                           
Vossestrand er kjent for treskur av høg kunstrisk kvalitet. Logoen for Vossestrand Sogelag er eit bilete av den elste treskulpturen vi kjenner frå bygda:

Fabledyret som pryda ei stavkyrkje på Vossestrand i mellomalderen og som er Noregs elste og finaste skulptur frå stavkyrkjeportalar. Kan væra frå før år 1300.

I årboka til Nordiska museet 1946 står mellom anna: ” -figuren fra Vossestrand står som et uovertruffet merstereverk - .Den tilhører en tid da vi med større rett enn noen sinne kan tale om en felleseuropeisk kultur.”

Dette viser at Vossestrand i eldre tid ikkje var ei avsidesliggande fjellbygd. Bergen var største byen i Skandinavia i mellomalderen. Frå der var det stor trafikk austover gjennom Vossestrand med saker som vedkom administrasjon, forsvar, kyrkje og handel. I nyare tid var den trafikken knytt til ”Kongevegen” gjennom Vossestrand. No har me europavegen E16, men dei fleste køyrer forbi.

I mellomalderen gav ein gåver til kyrkja med von om god reise. Kyrkja på si side brukte innkomene frå dei mange reisande gjennom bygda til utsøkt kunst.

Ein veit ikkje kven som skar ut fabeldyret som pryda kyrkja. Det kan og vera ein lokal kunstnar. Også i nyare tid har ein eksempel på lokal kunst av høgste klasse, med eigen stil, inspirert av det beste innan europeisk kultur.

Skulpturen kom i 1877 til ”Nordiska museet i Stockholm. Der fekk den katalognamnet ”Djevelen frå Vossestrand”, sjølv om skulpturen manglar kjenneteikn på ein djevelfigur. I museet er den no eit av de finaste eksempel på treskjererkunst frå mellomalderen. Meir om dette kan ein lese jubileumsboka : ”Oppheim og Vinje kyrkje 100 år”. (Roald Lyngvær 1971), der har Reidar Kjellberg 10 sider med omtale av figuren.

På Sogelaget sin logo er det 2 spegelvendte skulpturar. Det var og 2 skulpturar som pryda dørstolpane på stavkyrkja. Løvekropp med menneskehovud. Ein fjern slektning med same skap er Sfinksen ved den store pyramiden i Egypt, men den er 3000 år eldre. Rart å tenkja attende. Tankane framover er mellom anna: Vossestrand må få ein fullverdig kopi av skulpturen. Originalen kjem aldri heim!

Nederst på brev og dokument vil Vossestrand Sogelaget forklare logoen slik:
Logo: Fabeldyr, portalskulptur frå stavkyrkje på Vossestrand i mellomalderen.
Velkomen

Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger